Illustrasjon. Drangedalsposten

SITUASJONSRAPPORT FRÅ NÆRINGSLIVET I KORONAKRISA

Pressemelding frå Telemark Næringshage

 

I KORONAKRISA Situasjonen i næringslivet er dramatisk og råkar små og mellomstore verksemder særleg hardt. Verksemdene treng hjelp raskt for å overleve koronakrisa. Det er difor eit stort behov for at aktørar som kan bistå næringslivet er godt samordna.

TNH si rolle under krisa
TNH har teke rolla som koordinator av ein kollektiv innsats for å hjelpe næringslivet i denne krisesituasjonen. For å løyse oppgåva har TNH inngått samarbeid med næringssjefane i kommunane, andre næringshagar og nodar, samt øvrige samarbeidspartnarar i Telemark. Det kartleggas no gjennom telefonsamtalar korleis kvar einskilte verksemd står i denne krisa. Det er ingen tvil om at næringslivet er sterkt påverka av koronapandemien. Det teiknar seg etterkvart eit nokså dystert bilet av situasjonen for næringslivet i Telemark, og me ser nokre tendensar innafor ulike bransjar. Tilførsel av likviditet er den store utfordringa uavhengig av bransje. Dette er eit resultat av at aktivitet og inntekter har gått til botn og ein samstundes sit med ansvar for både tilsette og kreditorar. Det er no varsla nye tiltak frå regjeringa for å bidra til å løyse likviditetsproblem hjå bedriftene. Telemark Næringshage og våre samarbeidspartnarar vil vidare bidra til at råka bedrifter raskt kan ta desse verkemidla i bruk.

Kort bransjestatus


Reiseliv
Reiselivet er den næringa som vart råka først og hardast av koronakrisa. Bookingar vert kansellert og det kjem ikkje nye. Vår kartlegging syner at det for 90% av verksemdene ikkje eksisterer inntektsgrunnlag dei neste månadene. Om lag samtlege reiselivsverksemder i regionen har behov for snarleg tilførsel av likviditet. Om så ikkje skjer vurderas meir enn 65% av reiselivsverksemdene i regionen å ha ein reell fare for oppbod i løpet av dei neste 3 månadene. Ringverknadene blir fort store når høgsesongen dei fleste tener sitt livsgrunnlag og tærer på resten av året no er «avlyst». Det vil sei at inntektsgrunnlaget er sterkt svekka for heile året, slik situasjonen er no.

Media
Regionale og lokale aviser har ein særs viktig funksjon særleg i krisetid. Behovet for lokale nyheiter er stort og dei fleste avisene opplever ei stor auke i lesing og engasjement digitalt. Dette gjev dog ikkje auka inntekter. Avisene melder at dei opplever ein bråstopp i annonsemarknaden, kor tida frå no og fram til sommaren er ein særleg avgjerande inntektsperiode i denne marknaden. Annonseinntektene er dermed allereie betydeleg svekka for året sett under eitt. Dette gjev store utfordringar og dei fleste medieverksemdene har permittert eller vurderer å permittere tilsette.

Næringar som er pålagt stenging
Her har me særleg vore i kontakt med fysioterapeutar og frisørar. Fellesnemnaren er at dette er små verksemder, primært enkeltpersonføretak, som har opplevd at inntektsgrunnlaget vert rive bort på minuttet. Dei faste kostnadane løpar, medan inntektene uteblir, og det er eit stort behov for tilførsel av likviditet. Det meldast at det er særs viktig at staten sikrar driftstilskot frå kommunane til dei fysioterapeutane som har kommunale avtalar. Samstundes jobbas det med alternative inntektskjelder. Dømesvis sel frisørar unna varer på nett medan fysioterapeutar tek i bruk videokonsultasjon.

Utfordrande med kommunale reguleringar for innreise
Stadig fleire rapporterer om utfordringar knytt til kommunale reguleringar for innreise. Desse reglane råkar særleg byggnæringa hardt. Reglar for karantene hindrar arbeidspendlarar i å få tilgang til byggeprosjekt. Det er kritisk i ei tid kor alle næringar treng dei oppdraga dei kan få for å halde oppe aktivitet, likviditet og sysselsetting.