Ordfører Tor Peder Lohne. Arkivfoto

Alt er ikkje bra, men me er på rett veg i arbeidet mot mobbing

Ja, det har skjedd – og skjer – mobbing i Drangedal, som i andre kommunar.

Me trur på historiene som har kome fram i Drangedal, og kommunen har beklaga – og beklager – at nokon har hatt slike opplevingar frå sin skulegang i her. Dette har me formidla til personane som har stått fram, samtidig som at me har takka dei for at dei har stått fram og gitt oss ein moglegheit til å ta tak i det som har kome fram.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er viktig for Drangedal kommune å lære av det som har skjedd, og å gjere tiltak og skape positive endringar for å forhindre mobbing.

At det har skjedd mobbing, er likevel noko anna enn at det er personar som har krav på erstatning. Det er noko som må vurderast i kvart einskilde høve, og i medhald av gjeldande rett. Alle som har rett til erstatning, skal få erstatning. Dette er saker som må vurderast av nokon som har føresetnader til å vurdere dei rettslege spørsmåla, ikkje av politikarar.

Det viktigaste kommunen og politikarane i kommunen kan gjere er å fokusere på det me kan gjere noko med – nemleg framtida. Me må også ha eit blikk på fortida, men det er for å vere best mogleg rusta til å gjere dei rette tinga framover.

Læringsmiljøsenteret, som er landets fremste kompetansemiljø på feltet, bistår Drangedal kommune gjennom eit læringsmiljøprosjekt i alle skular og barnehagar, kulturavdelinga og flyktningtenesten. Læringsmiljøsenteret har gitt oss verdifull hjelp det siste året. Målet er å auke kompetansen hos tilsette, og å utvikle lærande organisasjonar for varige endringar av haldningar og kultur. Tilsette skal bli betre til å oppdage, varsle om, stoppe og forebygge mobbing. Her er det ei positiv utvikling, og terskelen er senka for å varsle om mobbing og krenkingar.

At terskelen for å varsle om mobbing er låg, betyr sjølvsagt ikkje at alt er på stell, det har me heller ikkje sagt. Men at fleire saker blir varsla, er eit godt utgangspunkt for å kunne ta tak i det som ikkje er bra. Arbeidet mot mobbing er samansett og langsiktig, og krev at heile samfunnet bidreg – ikkje berre tilsette i skular og barnehagar!

Læringsmiljøsenteret har jobba med mobbing over lang tid og i mange kommunar. I læringsmiljøprosjektets møte i referansegruppa i desember i fjor stilte eitt av medlemmene Læringsmiljøsenteret følgande spørsmål:

«Er det noko som er unikt med Drangedal?»

Svaret var to ting:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For det første, det voldsomme medietrykket mot kommunen relatert til mobbesaker.

For det andre, dei positive haldningar, motivasjon og ønske hos leiarar og tilsette i barnehagar og skular, om å ville auke kompetanse for å bli betre i arbeidet for trygge og gode barnehage- og skulemiljø.

At våre tilsette får slike skussmål frå landets fremste kompetansemiljø på mobbing gjev meg tru på at me vil lykkast med det viktige arbeidet som er sett i gang.

Med venleg helsing

Tor Peder Lohne

Ordførar