Frå helikopteret: Det er i dette området det brenn. Bildet er tatt frå helikopteret som skal bistå i brannsløkkinga.

Ikkje kontroll på brannen ennå

Det brenn i relativt bratt terreng. Lokalt brannvesen sløkker på bakkenivå og skogbrannhelikopter sløkker frå lufta.

Brann: Det brenn i terrenget ved Svillmyr. Brannhelikopter er på plass for å hjelpe med sløkking.

– Brannmanskap frå Drangedal jobbar med å sløkke brannen på bakkenivå. Skogsbrannhelikopteret har vore i innsats i ein times tid og rapporterer om god verknad. Me har likevel ikkje motteke melding om at det er kontroll på brannen ennå, seier Anders Hæg, ved 110-sentralen Sør-Aust klokka 17.30.

Torpmaskin er på plass i Drangedal for å hjelpe til med å sløkke brannen ved Svillmyr. På Twitter skriv Sør-Aust 110 at brannvesenet er framme og har lokalisert brannen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det brenn godt i rundt 3-4 mål.

Dei melder også at det er relativt bratt terreng og at skogbrannhelikopter er rekvirert for bistand.

Meteorologene ved Yr varslar at finvêret dei komande dagane fører med seg lokal skogbrannfare på Austlandet og i delar av Agder frå og med fredag. Det er sendt ut gult farevarsel for dette.

– Det må ei god rotbløyte til før faren går over, melder Twitter-kontoen Meteorologene.