Korona: N/A

Her er dei nye koronareglane og råda

Desse råda og reglane gjeld frå laurdag 12. februar.

Testing og isolasjon

* Vaksne bør teste seg dersom dei har symptom på koronasmitte. Det er ikkje lenger nødvendig å teste seg om ein er symptomfri.

* Barn treng ikkje teste seg sjølv om dei har symptom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Ved positiv test bør vaksne halde seg heime i fire dagar, men dette er ikkje lenger eit krav. Ein bør ha vore feberfri i 24 timar, utan febernedsetjande medisin, før ein dreg tilbake på jobb.

* Barn som er smitta, bør berre halde seg heime dersom dei er sjuke og kan til liks med vaksne gå på skulen eller i barnehagen når dei har vore feberfrie i 24 timar.

* Alle krav om karantene vart avvikla 1. februar.

Råd til risikogrupper og uvaksinerte

* Dei fleste vil i stor grad vere beskytta mot alvorleg sjukdom gjennom vaksinasjon, slik at dei kan leve som andre og følgje dei same smittevernråda.

* Dersom ein har risiko for alvorleg sjukdom, må ein sjølv vurdere risiko for smitte mot behovet for kontakt med andre.

* Held ein seg til å vere i kontakt med nokre få faste personar, reduserer ein risikoen for smitte.

* Ein bør bruke munnbind ute blant folk i periodar med mykje smitte.

Avstand og sosial kontakt

* Det er ikkje lenger generelt råd om 1 meters avstand.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Ved nyleg oppstått luftvegssymptom bør ein halde avstand til andre, særleg til personar i risikogrupper.

Munnbind

* Det er ikkje lenger påbod om munnbind.

* Ein bør bruke munnbind om ein skal vere i nærkontakt med personar i risikogrupper og har luftvegssymptom.

Smittesporing

* Ein treng ikkje lenger informere nærkontaktar ved smitte.

* Kommunal smittesporing kan vere aktuelt i nokre tilfelle, som til dømes ved lokale utbrot.

Skular, barnehagar og SFO

* Trafikklysmodellen er avvikla, men kommunar kan velje å gjeninnføre han ved behov.

Serverings- og utelivsbransjen, reiseliv, arbeidsliv og arrangement

* Arbeidsliv generelt kan ha normal drift. Arbeidsgivarar må sjølv vurdere kva behov dei har for å førebyggje smitte. Det er viktig at arbeidsplassar legg til rette slik at personar i risikogrupper har nødvendig fleksibilitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Det er ikkje lenger maksimaltal eller krav om avstand på arrangement eller for utestader.

* Det er ikkje lenger registreringsplikt ved innreise til Noreg.

* Det er framleis krav om koronatest før avreise til Svalbard. Personar som kan dokumentere at dei er fastbuande på Svalbard eller er fullvaksinerte eller har gått gjennom koronasjukdom, er fritekne frå kravet.

* Alle som kjem til Svalbard, skal framleis teste seg innan 24 timar etter at dei har kome fram.

Kjelde: Helsedirektoratet

(©NPK)