Nytt testregime for livmorhalskreft frå 1. januar – skal redde liv

Alle kvinner ned til 25 år vil få tilbod om hpv-test i staden for celleprøve. Hpv-test har vist seg meir effektiv til å oppdage forstadium til livmorhalskreft.

Fram til no har det norske screeningprogrammet for kvinner mellom 25 og 33 år dreidd seg om celleprøve. Først frå 34 år får kvinner tilbod om hpv-test, sjølv om denne metoden har vist seg meir effektiv, skriv Sykepleien. .

No informerer Helsedirektoratet i eit brev om at yngre kvinner i to omgangar skal få tilbod om hpv-test. Frå 1. januar 2023 får kvinner ned til 30 år tilbod om hpv-test. Innan 1. juli får også kvinner ned til 25 år tilbod om hpv-test i staden for celleprøve.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Livmorhalskreft er mogleg å førebyggje ved hjelp av vaksine og test. Screeningprogrammet har tradisjonelt vore ei celleprøvetaking minst kvart tredje år for å oppdage moglege forstadium til livmorhalskreft. Forstadia kan opererast bort for å unngå vidare kreftutvikling.

Akkurat no blir det kvart år gjort 7.000 slike koniseringsoperasjonar, som ein reknar med førebyggjer mellom 300 og 600 tilfelle av livmorhalskreft.

Helsedirektoratet trur innføringa av ny testmetode vil føre til at talet på operasjonar aukar med 500 per år, og at inntil 44 kvinner unngår kreft.

Førekomsten av livmorhalskreft i Noreg er redusert med nærare 40 prosent dei siste 50 åra. Ifølgje Kreftregisteret er han likevel enno den tredje mest vanlege kreftforma blant kvinner med over 300 nye tilfelle og mellom 70 og 90 dødsfall kvart år.

Alle kvinner mellom 25 og 69 år blir tilrådde å teste seg jamleg, for dei under 33 år er tilrådinga éin test kvart tredje år.