Illustrasjonsfoto: På bildet står ospeskogen tett ved Grunntjennfjell i Kroken.

Staten eig under 10 prosent av det produktive skogarealet i Noreg

12 prosent av produktivt skogareal i Noreg er i offentleg eige. Enkeltpersonar eig til saman 78 prosent, viser nye tal frå SSB.

Ingen andre land i Europa har meir skog eigd av enkeltpersonar enn Noreg. I Sverige og Finland eig enkeltpersonar høvesvis 48 og 59 prosent av det produktive skogarealet.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at enkeltpersonar eig til saman 78 prosent av det produktive skogarealet i Noreg, medan andre private eigarar har hand om litt over 6 prosent.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Berre 12 prosent produktive skogareal er i offentleg eige – av dette eig staten knapt 9 prosent, medan kommunar og fylkeskommunar eig til saman rundt 3 prosent.

Med produktivt skogareal siktar ein til skogmark som ved gunstige bestandsforhold kan produsere minst 0,1 kubikkmeter trevirke per dekar og år.

(©NPK)