Klopyralid: For høge konsentrasjonsnivå av klopyralid i honning kan gi store økonomiske konsekvensar for birøktarane. Klopyralid er et ugressmiddel som også kan ødelegge avlinger.

Forskarar vil leite etter ugrasmiddel i norsk honning

I Danmark har ein funne for mykje av ugrasmiddelet klopyralid i honning. No ønskjer forskarar å undersøkje om dette er tilfelle også under norske forhold.

Forskarar vil undersøkje norsk honning for ugrasmiddelet klopyralid, skriv Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 2017 vart det for første gong funne restar av klopyralid over det tillate konsentrasjonivået i dansk honning. Også i andre land er det gjort liknande funn.

Dette kan gi store konsekvensar for birøktarane.

– Birøktarar som er økonomisk avhengige av sal av rapshonning, kan potensielt miste ein stor del av inntekta si. Dersom birøktarane må leggje ned fordi dei ikkje får selt honningen sin, kan dette få store konsekvensar for pollinering av alle slags avlingar, frukttre og ville plantar, seier NIBIO-forskar, Zahra Bitarafan.

I store delar av landbruket blir det brukt plantevernmiddel regelmessig til å få bukt med ugras og sjukdommar i avlingane. Plantevernmiddelrestar i honning kjem av at det er restar av plantevernmiddel i blomstrar (nektar og pollen), i vatn og i andre næringsstoff som biene samlar inn.

– Rapsåkrar er ein av dei viktigaste kjeldene til nektar og pollen for biene, forklarer forskaren. Desse blir likevel ofte sprøyta med ugrasmiddel som inneheld det aktive stoffet klopyralid.

Klimatiske forhold, jordforhold og avling er altså med på å påverke i kva grad klopyralid blir teken opp i nektar og pollen.

– Derfor er det viktig at innhaldet av klopyralid i honning og pollen også blir vurdert under norske forhold, seier ho.

(©NPK)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les sakene om Wenche Straume som drev økologisk og fikk avlingen ødelagt av klopyralid-rester i komposten: